Kven kan få det?
VTA er eit tilbod til deg som har fått innvilga, eller har søkt om uførepensjon.
Personar som har vore utanfor arbeidslivet eller som ikkje har vore i arbeid, får her høve til å få jobb i eit tilrettelagt arbeidsmiljø. For å få tilbod om VTA hos Austevoll ASV må du ha fått innvilga, eller ha søkt om uførepensjon frå NAV.
Tilrettelagt arbeid i eit godt arbeidsmiljø
Våre arbeidsleiarar har kompetanse og erfaring som gjer dei til gode inspiratorer for alle tilsette. Me har fokus på eigenutvikling, inspirasjon og mellommenneskelege verdiar. Resultatet er eit godt og stabilt arbeidsmiljø, og høg trivselsfaktor.
Arbeidsområder
- Vaskeri
- Kantine
- Servicehall
- Bruktbutikk
- Reinhald