Jobb med oss

Austevoll ASV er ei bedrift som tilbyr to ulike arbeidstiltak: VTA og AFT

Varig tilrettelagt arbeid (VTA) skal tilby personar arbeid i en skjerma verksamheit, med arbeidsoppgåver tilpassa den enkelte si yteevne.

Personar som har vore utanfor arbeidslivet eller som ikkje har vore i arbeid, får her høve til å få jobb i eit tilrettelagt arbeidsmiljø. For å få tilbod om VTA hos Austevoll ASV må du ha fått innvilga, eller ha søkt om uførepensjon frå NAV. Arbeidsplassen hos oss skal opplevast som en trygg og god arena for vekst og utvikling.

Varig tilrettelagt arbeid skal gi tiltaksdeltakaren arbeid som bidrar til å utvikle ressursar hos arbeidstakaren gjennom kvalifisering og tilrettelagte arbeidsoppgåver. Det er og moglegheit for å prøva seg i eksterne bedrifter med oss som støttespelar.

Våre arbeidsleiarar har kompetanse og erfaring som gjer dei til gode inspiratorar for alle tilsette. Me har fokus på eigenutvikling, inspirasjon og mellommenneskelege verdiar. Resultatet er eit trygt, godt og stabilt arbeidsmiljø.

Arbeidsforberedande trening (AFT) skal bidra til å prøve arbeidsevna og til å styrke sjansane for å få ordinært arbeid. Me gjev eit tilbod om eller å starta på ei utdanning. Det er og her moglegheiter for å prøva seg i eksterne bedrifter med støtte frå oss. arbeidsretta opplæring og utprøving av arbeidsevne for personar med nedsett arbeidsevne og samansette bistandsbehov.

Det er eit tidsgrensa tiltak med mål om å komma ut i arbeid

Du vil få kartlagt arbeidsevna di,  ha arbeidsutprøving, karriererettleiing, arbeidstrening og opplæring. Den arbeidsforberedande treninga er tilpassa dine ynskjer og interesser. Saman med Jobbvegleiaren din, kartlegg du ressursane og behova dine, og legg ein plan for formidling til ordinært arbeid. Målet med tiltaket er å styrkje moglegheitene dine for å kome ut i ordinært arbeid.

Etter ei innleiande fase med kartlegging og arbeidstrening vert det lagt det vekt på utprøving og trening i ordinært arbeidsliv. Jobbvegleiaren din kan hjelpe deg i jobbsøkeprosessen og tilby intervjutrening.

AFT kan ha ein varigheit på 1 år med moglegheit for ytterlegere forlenging.

Våre fagområde

Hos oss finn du et utval av spennande fagområde og yrker på ein og same arbeidsplass. 

Brukt butikk : I denne avdelinga blir det gitt opplæring i sal og service, reinsing av nye gjenstandar , kundebetening, vurdering av pris på innkomne varer, lagerarbeid, økonomi og generelt reinhald i butikklokale.

Kantine/kjøkken: Her kan ein ha enkle oppgåver, men det er og mogleg å nytta profesjonelt utstyr og laga meir avansert mat. Hovudoppgåvene er å laga og servera lunsj til alle tilsette i kantina. Dei ryddar og vaskar utstyr, kjøkken og kantine.

Ein skal lære å produsere mat, kunne samarbeide med kollegar og arbeidsleiar. Arbeidstakaren skal få opplæring i riktig utstyr på riktig stad, vera med på kvalitetskontroll og nødvendig vedlikehald.

I produksjonshallen: Her blir det gitt opplæring i bruk av ulike maskiner og utstyr som nyttast innan forskjellige handverksyrker. Det omfattar og bruk av arbeids beskrivingar. Dei skal ha kunnskap om risikovurdering, bruk av verneutstyr og ergonomiske arbeidsteknikkar.

Etter opplæringa skal arbeidstakaren og kunna beskriva namn på materialar, utstyr og maskiner som nyttast i arbeidet. Etter at Austevoll ASV fekk ansvaret for det lokale lageret for hjelpemiddel har det blitt gitt opplæring/praksis innanfor finmekanikk, transport og kundebehandling.

Vaskeriet: Arbeidsoppgåvene består av alt frå enkle oppgåver til dei mest avanserte arbeidsoppgåver som er i et moderne vaskeri. På vaskeriet er det også avanserte maskiner/utstyr som dei tilsette kan få opplæring i. I resepsjonen/varemottak får deltakarane opplæring i kundebehandling. I eit vaskeri er det strenge hygieniske krav.

Trivseltiltak

Me er opptekne av godt arbeidsmiljø og trivsel i fellesskapet. Me har ulike aktivitetar både i og utanom arbeidstida ein kan delta på.

  • Bowling
  • Turar
  • Aktivitetar

Datarom

Me har datarom med fleire maskiner og skrivar. Det er her  moglegheiter for å nytta pc til søknader, teoriprøve, kurs som språkkurs og anna.

Slik søkjer du

Ynskjer du å søkje om Varig tilrettelagt arbeid eller arbeidsforberedande trening hos Austevoll ASV må du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor for meir informasjon.

Du kan og vende deg direkte til oss, så hjelper me deg vidare

Kontaktinformasjon:

Dagleg leiar: 

99 56 01 10

56 18 17 30

Eller e-post:  

post@austevoll-asv.no

© Austevoll ASV AS
Utviklet av:
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram