Austevoll ASV A/S sin visjon er å bidra til «Eit betre liv» for alle sine medmenneske.
ASV skal bidra til et betre liv gjennom å sysselsette arbeidstakarar som i ein kortare eller lengre periode har behov for en tilrettelagt arbeidsplass. Arbeid strukturen hos oss er tett opp mot det å jobba i ei ordiner bedrift.
Austevoll ASV sysselset i dag ca 35 fast tilsette, i tillegg til 20 VTA plassar og 10 AFT plassar. Desse er fordelt utover dei forskjellige avdelingar.
I 1992 vart bedrifta en godkjend attføringsbedrift. ASV begynte da å vokse i tal på tiltaksplassar. I 1995 hadde ASV ekspandert så mykje at vårt første nybygg var komme på plass.
Veksten i ASV fortsette i følgande år og neste utbygging var på veg. ASV var 1 av 5 bedrifter i landet som ble tildelt prosjekt for Arbeid med Bistand og Arbeidspraksis i Skjerma verksamheit i 1999. Dermed vart neste byggeprosjekt starta. ASV inngjekk samarbeid med Austevoll kommune om å drifte Dagaktivitetar.
I 2005 var det komme eit nytt vaskeri, brukt butikk og Dagaktivitet lokale. Veksten i bedrifta fortsette, og i 2008 vart me tildelt fleire plassar og arbeidet for VTA tilsette (Varig Tilrettelagt Arbeid) starta. De nye tiltaksplassane stilte større krav til lokalitet, så følgande år har ASV bygd seg hall og ombygd delar av administrasjonsbygget.
I 2011 fekk ASV kantine med storkjøkken.
I 2013 fekk ASV tilbod frå kommunen om drift av hjelpemiddellager og tryggheits alarmar.
I 2014 vant ASV reinhald anbodskonkurransen på det kommunale reinhaldet. Dette var på reserverte kontraktar.
NAV har strenge prinsipp for godkjenning av tiltaksarrangørar av AFT/VTA, og har stilt krav til Austevoll ASV AS at varig tilrettelagt arbeid skal være tiltaksarrangørens primære verksamheit. Blant annet er reinhaldstenester og utleige av eigendom/kantine ikkje foreinleg med vilkåra frå NAV. For å imøtekomme krava frå NAV har administrasjonen og styret i Austevoll ASV AS vurdert kva for moglegheiter selskapet har til omorganisering utan å måtte legge ned eller selje delar av dagens verksamheit
Administrasjonen konfererte i vår med Arbeidarsamvirka si Landsforeining (ASVL), og har blitt informert om at nokre tiltaksverksamheiter har organisert seg i en konsernstruktur, med et morselskap og fleire dotterselskap. På denne måten kan eit dotterselskap drive som rein tiltaksarrangør, mens andre dotterselskapet kan drive anna kommersiell verksamheit. Det stilles strenge krav til selskapet som skal drive med tiltaksverksamheit, blant anna skal overskot bli i verksamheita og komme arbeidet og deltakarane til gode. Det skal ikkje utbetalast utbytte, og verksamheita kan ikkje eige eller kontrollere anna forretningsverksamheit.
Styret og leiinga har bestemt å organisere Austevoll ASV AS i en konsernstruktur for på denne måten og kunne fortsette med dagens tenester. Ny struktur vil sjå slik ut:
For å tilfredsstille kravene fra NAV vil derfor avdeling for Renhold fra og med 1. september 2022 overføres til ASV Service AS. Utleie vil foregå via ASV Eiendom AS.