Vaskeri

Austevoll ASV sitt vaskeri har ein moderne maskinpark

Bedrifta var ein av dei første bedriftene i landet som kunne vaske ull bakteriefritt. Avdelinga har opparbeidd seg mange års erfaring frå vaskeri- og reinseribransjen. Bedrifta er og medlem i NVK, som tar jamleg stikkprøvar frå vaskeriet, kontrollerer bakteriar, bleiking og slitasje på kler.

Vaskeriet har mange faste oppdrag, men utfører og tenester for privatpersonar.

Eksempel på tenester me utfører:

  • Reins av dress
  • Bunadsskjorter
  • Arbeidstøy
  • Dyner/puter

Vi vaskar og reinsar stort sett alt, med unntak av skinnprodukt.

Me leiger og ut tøy som:

  • Sengetøy
  • Laken
  • Handkle
  • Dukar

Me har og utleige av matter

Våre fantastiske tilsette leverer og hentar matter hos di bedrift slik at du til ei kvar tid har reine matter i inngangspartiet til ditt lokale.  De vel sjølv kva tidsintervall de ynskjer å få mattene levert og henta.

Levering/henting for privatpersonar

Du kan betala med vips, kort eller kontant betaling når du hentar kleda. Dei er som regel klare etter ei veke.  Varene må hentast innan 6 mnd, eller så blir dei vanlegvis levert på opatt eller freetex pga plassmangel.

Ta kontakt med oss for meir info!

Sjå prisar/tjenester

Opningstider:

Måndag til fredag kl 08.00 – 15.30

Wayan Wenten

— Vaskerileiar
— 981 64 593
— nww@austevoll-asv.no

Sjå prisar/tjenester
© Austevoll ASV AS
Utviklet av:
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram